Velkommen til Honndalsrokken Camping!
Familiecampingplassen ligger idyllisk til sør for RV 60 ved Horndøla Bru.
Dalføret er eit populært turområde med gode tilhøve for fiske i dei fem fine fiskevatna som ligg ca. ½ til 3 timer unna.
Senteret ligg ved innfallsporten til dalføret mot det karakteristiske fjellet Honndalsrokken, 1529 m.o.h.
Ein tur til Honndalsrokken tek ca. 4 timar ein veg.
Steinbrua Horndøla Bru ligg på området. Brua vart bygd i 1830-åra og er ei av tre intakte bruer på den Trondhjemske postveg.Brua er registrert i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. Campingplassen ligg ved RV 60 i Hornindal, Sogn og Fjordane Fylke tett ved grensa til Møre og Romsdal. Det er ca. 12 km til Grodås Sentrum i Hornindal og ca. 15 km til Hellesylt, Stranda Kommune, og er såleis eit godt utgangspunkt for dagsturar både i Nordfjord og på Sunnmøre. Bil- og passasjerferge frå Hellesylt til Geiranger i sommarhalvåret - overfartstid ca. 1t 15 min. Geiranger og Geirangerfjorden er blant Norges vakraste og mest besøkte reisemål.
Kiosk/Gatekjøkken på Kysten Rundt konseptet. Grillhus på holmen med plass til 20 - 25 personer. Grill og bålplass ute.
Stort leikeområde på holmen med trampoline, fotballmål, dukkehus, sandkasse og sklie. Ei lita sideelv til Horndøla som renner gjennom området, er naturlig bade-, plaske- og leikedam.Triveleg sanitærhus med WC,dusjer, handicap-/stellerom, vaskerom med klevaskemaskin og tørketrommel.
Til Stryn med ca. 2500 innbyggjarar, er det ca. 30 km.